desember 13, 2005

Erfaringar med matematikkprogrammet max 1•2•3

Førde skule i Sveio kommune fekk tidleg i haust kjennskap til det nettbaserte øvingsprogrammet max 1•2•3 og prøvde demo-oppgåvene. max 1 dekkjer det grunnleggjande lærestoffet i matematikk for småskoletrinnet og er et tilbod til alle elever. På same måten er max 2 tilpassa mellomsteget og max 3 ungdomssteget. Først bestilte me ein gratis prøveperiode på ein månad for småskulesteget i samband med spesialundervisning, dette såg spennande ut, og me bestilte også for mellomsteget. Dette har me jobba jamt med den siste månaden, først og fremst med tanke på geometri. Me har også vore innom dei andre ulike emna som me har hatt på fagplanen. Elevane har frå starten vore veldig engasjerte, og det har stadig komme tilbakemeldingar om at dei har vore på nettet og jobba med dette også heime.
Svakheita med oppgåvene for mellomsteget synast likevel å vera at det gir for lite utfordringar for dei fagleg sterke, nokre elevar har allereie gått leie av opplegget. Kanskje me burde hatt versjonen for ungdomssteget for desse elevane i tillegg?
Etter ein dryg månad har ein ikkje lenger tilgang viss ein ikkje betaler for eitt år, dette er blitt gjort hos oss for småskulen, men ikkje for mellomsteget i denne omgang.

Førde skule i Sveio kommune

2 Comments:

At 9:59 AM, desember 16, 2005, Anonymous said...

Hei Førde skole ! Takker for tipset. Vi har registrert vår skole og vil kikke på dette. Arne Solberg
Kleppe skole

 
At 11:05 AM, januar 25, 2006, Anonymous said...

Vi skal også begynne å bruke max 1.2.3, men har også kjøpt Chefrens Pyramide for de mer faglig sterke elvene. Vi skal starte å prøve den ut nå i vår, men andre skoler i kommunen har gitt posetive tilbakemldinger.

Torunn Meyer
Undarheim barneskule.

 

Post a Comment

<< Home